Stilling:
Dagleg leiar
Arbeidsgiver:
Stord Næringsråd
Arbeidsstad:
Stord
Stillingstype:
Heltid
Søknadsfrist:
14.11.2022
Ref. nr.:
4568664801
Kort om oss
Stord Næringsråd (SNR) er ein synleg interesseorganisasjon og talerøyr for næringslivet, som jobbar for eit lokalsamfunn med fokus på verdiskaping. SNR skal styrkja Stord sin indentitet som by og som handels- og regionsenter. Næringsrådet er ein veldreven og frittståande interesseorganisasjon, og det sjølvskrive fora for diskusjon av spørsmål som vedkjem næringslivet i Stord. Stord Næringsråd er eigar og arrangør av Stordkonferansen, kor Atheno og NCE Maritime CleanTech har vore medarrangørar. Våre hovudsamarbeidspartnarar er Sparebanken Vest, Haugaland Kraft, Aker Solutions og Renevo.
Meir info: stordnaeringsraad.no
Kontaktpersoner
Brit Skjølingstad
Seniorrådgiver,
Madsen og Brekke
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no
LinkedIn
Einar Almås
Styreleiar,
Stord Næringsråd
+47 990 41 142
LinkedIn
Stord Næringsråd søkjer dagleg leiar
I eit av dei mest offansive næringsregionane på Vestlandet vil du arbeide for næringslivet sine interesser innan berekraftig verdiskaping, og fremje gode vekstvilkår gjennom å kjempe for konkurransekrafta til næringslivet. Ei viktig og synleg rolle som vil representera næringslivet på Stord ovanfor media, politiske styresmakter og i andre relevante næringslivsfora. Næringsrådet er arrangør av Stordkonferansen, og bidrar til å skape ulike møteplassar for nettverksbygging, inspirasjon og fagleg påfyll.
Arbeidsoppgåver:
Som dagleg leiar vil du ha totalansvar for drift av næringsrådet med oppgåver av både strategisk og operativ karakter. Du vil ha ein proaktiv rolle mot næringslivet i regionen, søkje samarbeid og byggje nettverk i regionen for å sjå mogelegheiter, utfordringar og trendar innan dei ulike næringane. Deltaking i Næringsalliansen Vestland, eit fellesorganisert talerøyr med 16 medlemsråd/-foreiningar, med fokus på samarbeid spesielt innan tilrettelegging for vekst og verdiskaping, grøn og berekraftig omstilling, infrastruktur, rekruttering, kompetanse- og utdanning, samt relasjonar til offentlige styresmakter.
Du vil ha ansvar for å identifisera tiltak for heile tida å styrkja næringsrådet sin posisjon og auka medlemsmassen. Produksjon og publisering av nyhetsbrev og innhald til sosiale medier. Planlegging, organisering og gjennomføring av arrangement saman med aktuelle støttespelarar. Som dagleg leiar har du overordna ansvar for årsregnskap og rapportering til styret.
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet er ein fordel
- Det er ønskjeleg at du har leiarerfaring fra næringslivet
- Du er samfunnsengasjert, med kjennskap til det lokale næringslivet i Stord og Sunnhordlandsregionen
- Gode evner til kommunikasjon muntleg og skriftleg
- Du har gode digitale kunnskapar
Personlege eigenskapar:
- Tillitvekkande, samarbeidsorient og god til å byggja nettverk
- Du er engasjert, handlingsorientert og strukturert
- Løysningsorientert, med evne til å sjå det store bilete
- Du er tydeleg og overbevisande
Me tilbyr:
- Store påverknadsmogelegheiter i den vidare utviklinga av eit av Sunnhordlands viktigaste og mest offansive næringsråd
- Samhandlingsorientert og viktig rolle ovanfor lokalt næringsliv, det politiske miljøet og andre samarbeidande næringsråd/-foreiningar
- Eit bredt kontaktnettverk kor du blir kjend med dyktige folk frå ulike bransjar
- Konkurransedyktige lønsbetingelsar
- Kontorfellesskap i eit innovativt, godt arbeidsmiljø i Kunnskapshuset på Stord
Har du spørsmål eller ønskjer du ein uforpliktande samtale rundt stillinga, ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke ved Brit Skjølingstad, tlf. 90 27 33 40 eller styreleiar i Stord Næringsråd, Einar Almås, tlf. 990 41 142.