Stilling:
Prosjekt- og byggjeleiar

Kunde:
Sveio kommune

Arbeidssted:
5550 Sveio

Stillingstype:
Heltid

Søknadsfrist:
13. mars 2019

Bransje:
Fylke / Kommune

Ref. nr.:
4028200992
 

Kort om kunden

Sveio kommune er i kraftig vekst og ligg strategisk til i ein sterk region, mellom Haugesund og Stord. Kommunen har fokus på utvikling og er oppteken av at Sveio skal vera ein god kommune å bu i.  Sveio er ein kommune med vel 5.600 innbyggjarar og er ein del av både Haugalandsregionen og Sunnhordlandsregionen. Kommunen ligg sentralt mellom dei to bysentra Haugesund (15 min. køyring frå Sveio sentrum) og Leirvik (30 min. køyring frå Sveio sentrum). Sveio kommune har i underkant av 500 tilsette. 

Kontaktpersoner

Brit Skjølingstad

Brit Skjølingstad
Rådgjevar
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no

Tore Meinert

Tore Meinert
Dagleg leiar
+47 970 33 360
tm@madsenbrekke.no

Søk på Stillingen

Sveio kommune søkjer Prosjekt- og byggjeleiar

Prosjekt- og byggjeleiar
Sveio kommune

Sveio kommune søkjer Prosjekt- og byggjeleiar ved Drifts- og anleggseininga til 100% fast stilling. Kommunen har fleire store og omfattande byggjeprosjekt framover, m.a.

  • Sveio skule
  • Sveio barnehage
  • Sveio folkebad

Vi treng å styrkja staben vår med ein motivert, røynd og kompetent prosjekt- og byggjeleiar som skal ha hovudansvar for planlegging og gjennomføring av fleire av desse prosjekta. Som prosjekt- og byggjeleiar vil du ha ei nøkkelrolle knytta til utvikling av kommunen sine byggjeprosjekt frå idefase til ferdige prosjekt, samt leia, planleggja og gjennomføra leveransar og byggjearbeid. Prosjekt- og byggjeleiar vil rapportera til einingsleiar for Drift og anlegg.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjekt- og byggjeleiing av store kommunale prosjekt
  • Ivareta kommunen sin byggherrefunksjon gjennom planlegging, kontrahering og oppfølging av anlegg
  • Ta del i utgreiing av nye prosjekt frå start til slutt
  • Samarbeida med brukargrupper for å kartleggja behova
  • Utarbeiding av anbodsdokument og gjennomføring av anbodskonkurransar
  • Følgja opp kontrakt, arbeidsbeskrivelsar og varsel om krav
  • Styra framdrift i høve til plan
  • Rapportera framdrift og økonomi
  • Oppfølging av HMS og internkontroll ved dei ulike anlegga
  • Førebu saksframstilling for politiske organ
  • Anna sakshandsaming og oppgåver innan avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Ingeniør innan byggfag eller anna høgare, relevant teknisk utdanning
  • Bør ha røynsle frå prosjekt og byggjeleiing av større byggjeprosjekt
  • Røynsle frå gjennomføring av offentlege anbodsprosessar er ønskjeleg
  • Fordel med god kjennskap til Byggherreforskrifta
  • Røynsle frå offentleg forvaltning er ønskjeleg
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og målretta
  • Strukturert, med evne til å organisera og vera ein pådrivar i prosjekt
  • Tydeleg, med gode kommunikasjonsevner
  • Kunna arbeida effektivt og trivast i ein hektisk kvardag
  • Gode samarbeidsevner

Vi kan gje tilbod om

  • Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påvirka og utvikla spanande og viktige prosjekt i kommunen for framtida
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og god pensjonsordning
  • Godtgjersle for bruk av eigen bil etter kommunalt regulativ