Stilling:
Dagleg leiar

Kunde:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Arbeidsstad:
Borggata 57, 5417 Stord

Stillingstype:
Heiltid

Søknadsfrist:
29.03.2020  

Bransje:
Kommune

Ref. nr.:
4198849568
 

Kort om kunden

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eit inter-kommunalt selskap,eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. I tillegg er Fusa, Haugesund og Vindafjord kommunar observatørar i Samarbeidsrådet.

Føremålet med selskapet er interkommunalt samarbeid på generell basis med særleg vekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsarbeid. Selskapet skal ta opp saker som kan fremja utviklinga av Sunnhordland, og leggja dei fram til drøfting og utgreiing.

Samarbeidsrådet vart etablert i 1981 på Bekkjarvik og er ein av dei eldste regionråda i landet. Samarbeidsrådet består av ordførar og rådmann i kvar kommune.

For meir informasjon sjå www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Kontaktpersonar

Brit Skjølingstad

Brit Skjølingstad
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no

Tore Meinert

Tore Meinert
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 970 33 360
tm@madsenbrekke.no

Søk på stillinga

Samarbeidsrådet for Sunnhordland
søkjer dagleg leiar

Dagleg leiar
Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Dagleg leiar Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Vil du være med å påverka retninga for heile Sunnhordland?

Noverande dagleg leiar går snart av med pensjon og Samarbeidsrådet for Sunnhordland søkjer derfor hennar etterfølgjar.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er på jakt etter ein utviklingsorientert dagleg leiar. Du vil få ansvaret med å følgje opp strategisk samarbeid mellom kommunane i Sunnhordland. Du får jobbe med spennande regionale oppgåver og prosjekter innan blant anna samferdsle, næringsutvikling, helse, reiseliv, omdømmebygging, rekruttering og kompetanse.

Me søkjer deg som er raus, open og modig, samtidig som du veit å setja dagsorden for viktige saker for regionen. Du veit å laga eit godt samarbeidsklima, og du evner å forstå dei ulike kommunane sine behov og næringslivet sine interesser i regionen.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil vera i tråd med Samarbeidsrådet sine vedtekter og planar, og utføra dei arbeidsoppgåvene som blir lagt til stillinga
  • Leia og vera proaktive i dei moglegheitene som ligg i prosjektutvikling, samt skaffa ekstern finansiering
  • Initiera og følgja opp politiske prosesser
  • Representere Samarbeidsrådet der det er naturleg
  • Styrkja regionen sitt omdømme som bu- og arbeidsarena
  • Strategisk samarbeid, partnarskap og nettverksbygging
  • Organisera og utvikla reiselivet i Sunnhordland
  • Vera proaktive for å sjå dei moglegheitene Samarbeidsrådet har for å påverka prosessen i dei sakene som er viktige for den einskilde kommune og regionen

Kvalifikasjonar

  • Me ser gjerne at du har relevant høgare utdanning
  • Gode leiareigenskapar og relevant erfaring f.eks. prosjektleiarerfaring frå utviklingsorienterte prosjekt
  • Kunnskap om dei politiske systema lokalt, regionalt og sentralt, samt god kjennskap til politiske prosessar
  • Forståing for samfunns- og næringsutvikling, innovasjon, omstilling og modernisering av offentlege tenester
  • Forståing for handtering av media
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Samarbeidsrådet er nynorsk
  • Søkjar må ha førarkort og disponera eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og engasjert lagspelar som er opptatt av utvikling og resultat
  • Du er serviceinnstilt og har høg gjennomføringsevne
  • God kommunikasjons- og formidlingsevne på tvers av fagfelt
  • God på å skapa relasjonar og bygga tillit
  • Du liker å stå ovanfor store forsamlingar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.

Me tilbyr

  • Ein unik posisjon inn mot næringslivet, det offentlege og det politiske miljø
  • Ei utfordrande og spennande stilling i ein framoverlent og utviklingsorientert region
  • Stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein region med høg kompetanse og engasjerte innbyggarar
  • Ein inkluderande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktpersonar og søknadshandtering

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkaren vil i tilfelle bli varsla på førehand om dette.

Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke, Tore Meinert, på telefon 970 33 360, eller Brit Skjølingstad, på telefon 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale.