Stilling:
Kommunedirektør (rådmann)

Kunde:
Etne kommune

Arbeidsstad:
5590 Etne

Stillingstype:
Heiltid

Søknadsfrist:
10.05.2019

Bransje:
Kommune

Ref. nr.:
4057120870
 

Kort om kunden

Etne kommune har ca 4100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehage-dekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv.
Kommunen har ca 300 årsverk / 420 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.
Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet.
Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange.

For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no

Kontaktpersonar

Brit Skjølingstad

Brit Skjølingstad
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no

Tore Meinert

Tore Meinert
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 970 33 360
tm@madsenbrekke.no

Siri Klokkerstuen

Siri Klokkerstuen
Ordførar, Etne kommune
+47 908 80 659
E-post

Søk på stillinga

Etne kommune søkjer kommunedirektør

Kommunedirektør (rådmann)
Etne kommune

Vi søkjer ein tydeleg, drivande og samlande leiar.

Etne er ein veldreven kommune med godt økonomisk handlingsrom og engasjerte innbyggarar. Den nye kommunedirektøren vil ha ei pådrivarrolle for å vidareutvikla organisasjonen og gjera kommunen enno meir attraktiv for næringsliv og innbyg-garar.

Du må kjenna deg igjen i våre verdiar: trygg, raus og engasjert.

Du må evne å byggja tillit, og få til god samhandling med politisk leiing og tilsette/tillitsvalde i kommunen. Vidare blir evne til å skapa gode relasjonar og samspel med næringsliv og andre eksterne aktørar viktig for å lukkast i stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Vera opptatt av kommunen si rolle som samfunnsutviklar både lokalt og regionalt.
  • Du skal leia arbeidet med å vidareutvikla kommunen sin organisasjon og tenestetilbod, og i samarbeid med politikarar og tilsette skape gode tenester til innbyggarane.
  • Økonomisk styring og effektiv drift som sikrar driftsbalanse og økonomisk handlingsrom.
  • Utvikla og styrka omdømmet som ein attraktiv kommune for næringsutvikling, busetting, oppvekst og turisme.

Kvalifikasjonar

  • Vi krev at du har høgare utdanning frå høgskule eller universitet
  • Leiarerfaring frå større organisasjonar
  • Grundig innsikt og erfaring med økonomi- og verksemdstyring
  • Kunnskap om, og kjennskap til offentleg sektor, gjerne også arbeidserfaring frå offentleg sektor
  • Forståing for samfunns- og næringsutvikling og grensesnitta politikk og administrasjon
  • Forståing for handtering av media
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Etne er nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Utviklingsorientert og handlekraftig
  • Tydeleg, står fram med ein naturleg autoritet
  • Evne til heilskapleg refleksjon, og til å ta strategiske val ut frå dette
  • God på å skapa relasjonar og bygga tillit
  • Sterke analytiske evner
  • God kommunikasjons- og formidlingsevne

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande stilling i ein utviklingsorientert kommune
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Ein inkluderande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktpersonar og søknadshandtering

  • I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
  • Ta gjerne kontakt med vår rådgivar i Madsen og Brekke Tore Meinert, Tlf. 970 33 360 eller Brit Skjølingstad, Tlf. 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. For meir informasjon om stillinga kan du også kontakte ordførar Siri Klokkerstuen, tlf. 908 80 659.