Stilling:
Kommunalsjef utvikling og drift

Kunde:
Etne kommune

Arbeidsstad:
5590 Etne

Stillingstype:
Heiltid

Søknadsfrist:
03.05.2019

Bransje:
Kommune

Ref. nr.:
4050313388
 

Kort om kunden

Etne kommune har ca 4100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehage-dekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv.
Kommunen har ca 300 årsverk / 420 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.
Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet.
Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange.

For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no

Kontaktpersonar

Brit Skjølingstad

Brit Skjølingstad
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no

Tore Meinert

Tore Meinert
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 970 33 360
tm@madsenbrekke.no

Hilde Aartun Haraldseide

Hilde Aartun Haraldseide
Konstituert rådmann, Etne kommune
+47 971 64 075
E-post

Søk på stillinga

Vil du væra med å utvikla Etne kommune?

Kommunalsjef utvikling og drift
Etne kommune

Etne kommune søkjer etter kommunalsjef utvikling og drift i ein 100% fast stilling. Stillinga er nyoppretta, og du vil rapportera til kommunedirektøren (rådmannen). Som kommunalsjef utvikling og drift vil du væra ein aktiv bidragsytar i kommunedirektøren (rådmannen) si leiargruppa.

Arbeidsoppgåver

  • Jobba saman med kommunedirektøren i overordna planlegging og strategi
  • Overordna økonomi- og budsjettansvar for sektoren
  • Samordning og koordinering av tenestene/oppgåvene som ligg til einingane drift/vedlikehad og utvikling
  • Du skal styra utviklingsprosjekt innanfor eigendom, bygg, miljø, teknikk, allsidig næringsverksemd og landbruk
  • Overordna ansvar og tilråding i politiske saker
  • Ansvar for saksbehandling og iverksetjing av politiske vedtak som vedkjem sektoren sitt ansvarsområde
  • Særleg ansvar for oppfølging av einingsleiarane i sektoren, leggja til rette for og følgja opp fag- og kvalitetsutvikling
  • Ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til sektoren

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Leiarerfaring med personalansvar, helst frå relevante fagområde
  • Grundig innsikt og erfaring med økonomi- og verksemdstyring
  • Vi ser helst at du har kjennskap til offentleg verksemd
  • Gode datakunnskapar
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Etne er nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
  • Gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
  • Gjennomføringsevne
  • Evne til å tenkje heilskapleg, strategisk og langsiktig
  • God på samhandling

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.

Vi kan tilby

  • Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Ein inkluderande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktpersonar og søknadshandtering

  • I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
  • Ta gjerne kontakt med vår rådgivar i Madsen og Brekke Tore Meinert, Tlf. 970 33 360 eller Brit Skjølingstad, Tlf. 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. For meir informasjon om stillinga kan du også kontakte konstituert rådmann Hilde Aartun Haraldseide, tlf. 971 64 075.