Stilling:
Kommunalsjef oppvekst og kultur

Kunde:
Etne kommune

Arbeidsstad:
5590 Etne

Stillingstype:
Heiltid

Søknadsfrist:
10/5 – 2019.  

Bransje:
Kommune

Ref. nr.:
4051375564
 

Kort om kunden

Etne kommune har ca 4100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehage-dekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv.
Kommunen har ca 300 årsverk / 420 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.
Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet.
Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange.

For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no

Kontaktpersonar

Brit Skjølingstad

Brit Skjølingstad
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no

Tore Meinert

Tore Meinert
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 970 33 360
tm@madsenbrekke.no

Hilde Aartun Haraldseide

Hilde Aartun Haraldseide
Konstituert rådmann, Etne kommune
+47 971 64 075
E-post

Søk på stillinga

Etne kommune søkjer kommunalsjef oppvekst og kultur.

Kommunalsjef oppvekst og kultur
Etne kommune

Utvida søknadsfrist – ny søknadsfrist 10/5 – 2019.  

Som kommunalsjef oppvekst og kultur rapporterer du til kommunedirektøren (rådmannen), og inngår i kommunedirektøren (rådmannen) si leiargruppa. Du leier eit viktig område som skal levere gode tenester til innbyggjarane, og du vil ha stor påverknad på utviklinga av tenestetilbodet.

Arbeidsoppgåver

  • Jobba saman med kommunedirektøren i overordna planlegging og strategi
  • Overordna økonomi- og budsjettansvar for sektoren
  • Samordning og koordinering av tenestene/oppgåvene som ligg til einingane i oppvekst / kultur
  • Styra utviklingsprosjekt innanfor oppvekst og kultur
  • Ansvar for saksbehandling og iverksetjing av politiske vedtak som vedkjem sektoren sitt ansvarsområde
  • Særleg ansvar for oppfølging av einingsleiarane i sektoren, leggje til rette for og følgje opp fag- og kvalitetsutvikling
  • Ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til sektoren

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule med skolefaglig kompetanse
  • Leiarerfaring med personalansvar, gjerne innan ulike fagområde, og spesielt innan oppvekstsektoren
  • Vi ser helst at du har kjennskap til offentleg verksemd
  • Grundig innsikt og erfaring med økonomi- og verksemdstyring
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Etne er nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
  • Gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
  • Gjennomføringsevne
  • Evne til å tenkje heilhetleg, strategisk og langsiktig
  • Interesse for kultur og frivilligheit

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Ein inkluderande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktpersonar og søknadshandtering

  • I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
  • Ta gjerne kontakt med vår rådgivar i Madsen og Brekke Tore Meinert, Tlf. 970 33 360 eller Brit Skjølingstad, Tlf. 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. For meir informasjon om stillinga kan du også kontakte konstituert rådmann Hilde Aartun Haraldseide, tlf. 971 64 075.