Stilling:
Einingsleiar pleie og omsorg

Kunde:
Etne kommune

Arbeidsstad:
5590 Etne

Stillingstype:
Heiltid

Søknadsfrist:
06.05.2020

Bransje:
Kommune

Ref. nr.:
4220634495
 

Kort om kunden

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehage-dekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv.

Kommunen har ca 300 årsverk / 420 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.

Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet.

Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange.

For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no

 

 

 

Kontaktpersonar

Tore Meinert

Tore Meinert
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 970 33 360
tm@madsenbrekke.no

Brit Skjølingstad

Brit Skjølingstad
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no

Hilde Høyland

Hilde Høyland
Konstituert kommunalsjef helse-
og omsorg
+47 472 86 539
hilde.hoyland@etne.kommune.no

Søk på stillinga

Etne kommune søkjer
einingsleiar pleie og omsorg

Einingsleiar pleie og omsorg
Etne kommune

Etne kommune søkjer ny einingsleiar pleie og omsorg i ein 100 % fast stilling.

Stillinga har eit overordna ansvar for pleie- og omsorgtenesta, og er ein del av leiargruppa til kommunalsjef helse og omsorg.

Pleie- og omsorgtenesta har om lag  75 årsverk  og eit årleg budsjett på  57,9 mill kr.

Etne Omsorgssenter er eit nytt og moderne omsorgssenter som er godt tilrettelagt for bruk av velferdsteknologi, med 30 insitusjonsplassar fordelt på 3 avdelingar.  Det er ein avdelingsleiar i 100 % stilling for institusjon og 3 fagsjukepleiarar.
Heimetenesta har 1 avdelingsleiar i 100 % stilling, og ein fagsjukepleiar i kvar personalbase. Heimetenesta har også ansvar for bemanna omsorgsbustadar, dagtilbud og praktisk bistand.
Eininga har kjøkkendrift ved både Etne og Skånevik omsorgssenter, gode treningslokaler for fysioterapi og lokale for frisør og fotpleie.

Tenesta har eit stabilt personale med høg kompetanse.

Me søkjer ein leiar som jobbar målretta, bidreg til nytenking og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna administrativ og fagleg leiing av pleie- og omsorgstenesta
  • Følgja opp økonomi, styring og rapportering innanføre vedtekne rammer
  • Oppfølging av vedtekne planar som ligg til eininga
  • Samordning og effektivisering av dei ulike avdelingane
  • Overordna personalansvar og sikra eit godt arbeidsmiljø
  • Ansvar for helse miljø og tryggleik i eininga

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med vidareutdanning innan leiing eller økonomi
  • Leiarerfaring med økonomi og personalansvar, helst frå helsesektoren
  • Det er ønskeleg med erfaring innanfor områder som saksbehandling, ressursstyring, lov og avtaleverk, turnus og arbeidstidsordningar, fråvær og nærvær, HMS, internkontroll og kvalitetssikring
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, tenestemålet i Etne er nynorsk
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
  • Du må vera sjølvstendig, ha høg arbeidskapasitet med initiativ og evne til gjennomføring
  • Du må kunne tenkja heilskapleg, strategisk og langsiktig

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode sjansar for fagleg og personleg utvikling
  • Ein inkluderande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktpersonar og søknadshandtering

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke Tore Meinert, Tlf. 970 33 360  eller Brit Skjølingstad, Tlf. 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. For meir informasjon om stillinga ta gjerne kontakt med Hilde Høyland konstituert kommunalsjef helse- og omsorg, Tlf. 472 86 539.

 

Dette er oss 🙂 ta gjerne kontakt om du vil bli med i gjengen 🙂

Dette er oss!😊🙌Ta gjerne kontakt om du vil bli med i gjengen👌

Publisert av Etne Omsorgssenter Onsdag 27. november 2019