Stilling:
Kommunalsjef helse og omsorg

Kunde:
Etne kommune

Arbeidsstad:
5590 Etne

Stillingstype:
Heiltid

Søknadsfrist:
26.04.2020

Bransje:
Kommune

Ref. nr.:
4209581549
 

Kort om kunden

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehage-dekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv.

Kommunen har ca 300 årsverk / 420 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.

Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet.

Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange.

For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no


 
    

Kontaktpersonar

Brit Skjølingstad

Brit Skjølingstad
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no

Tore Meinert

Tore Meinert
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
+47 970 33 360
tm@madsenbrekke.no

Bjørn Tollefsen

Bjørn Tollefsen
Kommunedirektør i Etne kommune
+47 905 19 025
bjorn.tollefsen@etne.kommune.no

Søk på stillinga

Etne kommune søkjer
kommunalsjef helse og omsorg

Kommunalsjef helse og omsorg
Etne kommune

Etne kommune har etablert ei heilt ny og dynamisk leiargruppa, og søkjer nå etter kommunalsjef helse og omsorg i ein nyoppretta 100 % fast stilling. Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av kommunen og vera ein aktiv bidragsytar i kommunedirektøren si leiargruppa. Saman med våre dyktige og engasjerte medarbeidarar skal vi styrka og vidareutvikla Etne kommune

Vi søkjer etter ein handlekraftig og tillitsbyggjande toppleiar som skal visa veg i helse- og omsorgssektoren. Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar.

Det er til saman 185 tilsette i heile sektoren, fordelt på 129 årsverk. Den som vert tilsett vil få ansvar for styring av eit budsjett på 120 Mill.

Arbeidsoppgåver

  • Jobba saman med kommunedirektøren i overordna planlegging og strategi
  • Overordna økonomi- og budsjettansvar for sektoren
  • Samordning og koordinering av tenestene/oppgåvene som ligg til einingane i helse og omsorg
  • Styra utviklingsprosjekt innan helse og omsorg
  • Vera drivar for innovativ tjenesteutvikling i sektoren, der teknologi og nye arbeidsmåtar er avgjerande
  • Ansvar for sakshandsaming og iverksetjing av politiske vedtak som høyrer til ansvarsområda for sektoren
  • Særleg ansvar for oppfølging av einingsleiarane i sektoren, leggja til rette for og følgja opp fag- og kvalitetsutvikling
  • Ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til sektoren 

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med helsefagleg kompetanse
  • Grundig innsikt og erfaring med økonomi- og verksemdstyring
  • Leiarfaring med personalansvar og turnusplanlegging, helst frå helsesektoren
  • Vi ser helst at du har kjennskap til offentleg verksemd
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Tenestemålet i Etne er nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
  • Vi ynskjer deg som er beslutningsdyktig og resultatorientert
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
  • Du må ha evne til gjennomføring
  • Du må kunne tenkja heilskapleg, strategisk og langsiktig

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
  • Gode sjansar for fagleg og personleg utvikling
  • Ein inkluderande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktpersonar og søknadshandtering

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke Tore Meinert, Tlf. 970 33 360  eller Brit Skjølingstad, Tlf. 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. For meir informasjon om stillinga ta gjerne kontakt med kommunedirektør Bjørn Tollefsen, Tlf. 905 19 025.