Stilling:
Leiar utvikling

Kunde:
Etne kommune

Arbeidsstad:
5590 Etne

Stillingstype:
Heiltid

Søknadsfrist:
04.06.2023

Ref. nr.:
4658736314

 

Kort om kunden

Etne kommune ligg sør i Vestland fylke og grensar til kommunane Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda. Etne kommune har ca. 300 årsverk / 420 tilsette. Tenestemålet er nynorsk. Etne kommune har om lag 4 050 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Rundt halvparten av desse bur ved dei 2 tettstadane Etnesjøen og Skånevik.

Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, reiseliv, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvene på Vestlandet. Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange. Etnemarknaden, Skånevik Bluesfestival og Etne Cup er populære arrangement som samlar store folkemengder frå fjern og nær. Kjerneverdiane våre er: vær Trygg – Raus – Engasjert

For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no

Kontaktpersonar

Brit Skjølingstad

Brit Skjølingstad
Seniorrådgiver,
Madsen og Brekke
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no
LinkedIn

Åsmund Andersen Sekse
Åsmund Andersen Sekse
Kommunalsjef utvikling og drift, Etne kommune
+47 412 42 571
E-post
LinkedIn
Søk på stillinga

Etne kommune søkjer leiar utvikling

Leiar utvikling

Me søkjer ein dynamisk leiar, med god forståing for samfunnsplanlegging og som har fagleg innsikt på eit eller fleire av tenesteområda. Du vil rapportera til kommunalsjef utvikling og drift og vil arbeida både på strategisk og operativt nivå. 

Du vil jobba med plan- og strategiprosessar og sørgje for at utviklinga til kommunen følgjer den retninga som er satt. Du er god til å jobba tverrfagleg og til å sjå heilskap i kommunale og regionale tenester. Du vil få ein strategisk, spennande og allsidig leiarstilling innanfor eit breitt fagområde som:

  • Plan/arealplan, byggsak, kart og oppmåling
  • Landbruk og viltforvaltning
  • Prosjekt og utbygging
  • Miljø, energi og klima
  • Folkehelse

Du bør ha erfaring som leiar, god innsikt i økonomi og du kan gjerne ha erfaring frå privat sektor. Me har eit godt arbeidsmiljø med 11 kompetente og engasjerte medarbeidarar med god spredning i alder, kjønn og erfaring, som du vil væra leiar for. Du må kunne kommunisera godt med ulike typar menneske og medverka til samhandling og utvikling på tvers i organisasjonen og bidra til god dialog med innbyggjarar, næringsliv og tilsette. 

I kommunen har me verdiane RAUS, TRYGG og ENGASJERT som ligg i botn for vårt arbeid. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Leia, tilretteleggja og utvikle avdelinga og dei ansatte
  • Økonomi- og budsjettansvar for eininga
  • Sikre ei berekraftig arealforvaltning som styrkjer busetnad og næringsliv
  • Forbereda tilråding i saker til politisk behandling
  • Sikra oppfølgjing av politiske vedtak og saksdokumenter
  • Deltaking i interkommunalt samarbeid og utval
  • Bidra til kontinuerleg forbetring

Kvalifikasjonar:

  • Du har relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • For søkare med høg realkompetanse vil krav til formell utdanning kunne vurderast
  • Det er ynskjeleg med relevant leiarerfaring
  • God økonomiforståing og styringskontroll
  • Kunnskap og forståing av relevant lov- og planverk
  • God kjennskap og forståing for digitale løysingar og kontinuerlig forbetring

Personlege eigenskapar

  • God relasjonskompetanse med ein inkluderande leiarstil
  • Evne til å tenkje heilskapleg, framtidsretta og strategisk
  • Strukturert og ha god gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God på samhandling og skapa tillit
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga

 Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande leiarstilling i ein utviklingsorientert kommune
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit tverrfagleg arbeidsplass med kompetente og engasjerte kollegaer
  • Kontorstad er tinghuset i Etne, med mogeleg fleksibilitet

Kontaktpersonar og søknadshandtering:

  • I samsvar med offentleglova § 25 gjer me merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell handsaming. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
  • Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke ved Brit Skjølingstad, tlf. 90 27 33 40 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. Spørsmål om stillinga kan også rettast til kommunalsjef Åsmund Andersen Sekse, tlf. 412 42 571.