Stilling:
Kommunalsjef utvikling og drift
Kunde:
Etne kommune
Arbeidsstad:
Etne
Stillingstype:
Heiltid
Søknadsfrist:
23.11.2025
Ref. nr.:
5035095192
Kort om kunden
Etne kommune ligg sør i Vestland fylke og grensar til kommunane Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda. Etne kommune har ca. 270 årsverk / 440 tilsette. Tenestemålet er nynorsk. Etne kommune har om lag 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Rundt halvparten av desse bur ved dei 2 tettstadane Etnesjøen og Skånevik.
Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, reiseliv, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvene på Vestlandet. Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange. Etnemarknaden, Skånevik Bluesfestival og Etne Cup er populære arrangement som samlar store folkemengder frå fjern og nær. Kjerneverdiane våre er: vær Trygg – Raus – Engasjert
For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no
Kontaktpersonar
Åsmund Andersen Sekse
Kommunedirektør,
Etne kommune
41 24 25 71
Asmund.Sekse
@etne.kommune.no
Brit Skjølingstad
Seniorrådgjevar, Madsen og Brekke
902 73 340
bs@madsenbrekke.no
LinkedIn-profil
Siv Tanja Ringstrand
Rådgjevar,
Madsen og Brekke
906 01 721
str@madsenbrekke.no
LinkedIn-profil
Etne kommune søkjer Kommunalsjef utvikling og drift
Etne kommune søkjer ein samfunnsengasjert og framtidsretta kommunalsjef for utvikling og drift som vil bidra til å skapa gode løysningar for innbyggjarane, næringslivet og tilsette.
Du vil få ansvar for eit breitt fagområde innan teknisk drift og forvaltning. Dette omfattar m.a. plan, bygg og eigedom, veg, VAR, beredskap, brannvern, landbruk og næringsliv. Som del av leiargruppa til kommunedirektøren vil du ha ei sentral rolle med å vidareutvikla og sikre god samhandling på tvers av fagområda og nivå i kommunen, samt delta i regionalt og interkommunalt samarbeid. Gjennom satsinga Etne 2030 Vegen til 2040 arbeidar kommunen målretta for berekraftig utvikling, lokal verdiskaping og langsiktig samfunnsbygging.
Etne kommune er ein veldriven kommune med god økonomisk styring, dyktige tilsette og engasjerte innbyggjarar. Kommunen har eit rikt lokalsamfunn, kombinert med storslagen natur, gode levevilkår, eit bredt kultur- og fritidstilbod. Kommunen har dei siste åra markert seg offensivt og framtidsretta med satsing på m.a. bustadbygging, arealbruk, nyskapande aktivitetsområde, kultur, næringsliv og gunstige ordningar spesielt retta mot unge i etableringsfasen og barnefamiliar (https://www.etne.kommune.no/mittetne).
Me søkjer deg som er god på å jobba tverrfagleg og til å sjå heilskap i kommunale og regionale tenester. Som kommunalsjef utvikling og drift er du opptatt av å setja service, kvalitet og omdømebygging i sentrum og har evne til å skapa gode relasjonar med folk omkring deg.
Etne kommune sine verdiar er: trygg, raus og engasjert!
ARBEIDSOPPGÅVER:
- Jobba saman med kommunedirektøren og leiargruppa i overordna planlegging og strategi
- Økonomi- og budsjettansvar for sektoren
- Overordna ansvar og tilråding i politiske saker, samt ansvar for sakshandsaming og iverksetjing av politiske vedtak
- Særleg ansvar for oppfølging av einingsleiarane i sektoren, leggja til rette for og følgja opp fag- og kvalitetsutvikling
- Samordning og koordinering av tenestene/oppgåvene som ligg til einingane Utvikling, Drift og vedlikehald, samt Brann og redning
- Ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til sektoren, tilrettelegging og oppfølging av næringsliv og reiselivsnæringa, samt samarbeid med Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage
- Ansvar for å styra prosjekt og investeringsportefølje
- Overordna beredskapsarbeid
KVALIFIKASJONAR:
- Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule
- Det er viktig med god økonomiforståing og styringskontroll
- Relevant leiarerfaring
- Praktisk og teknisk forståing innan eit eller fleire av områda er ein fordel
- Kjennskap og forståing fra omstilling og kontinuerlig forbetring
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Etne er nynorsk
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
- Evne til å tenkje heilskapleg og langsiktig, og ha god gjennomføringsevne
- Me søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
- Samarbeidsorientert, med gode kommunikasjonsevner
- Arbeider målretta og har evne å handtera fleire prosjekt samtidig
- God på samhandling og skapa tillit
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.
ME TILBYR:
- Me kan tilby ein spennande, variert og utviklingsorientert leiarstilling, der du får delta både i strategisk arbeid, samfunnsutvikling og drift
- Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med trygge, rause og engasjerte kolleger
- Ei sentral rolle for deg som vil bidra til å påverka og vidareutvikla Etne kommune til ein attraktiv stad å leve og busetje seg i
KONTAKTPERSONAR OG SØKNADSHANDTERING:
- I samsvar med offentleglova § 25 gjer me merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell handsaming. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
- Ta gjerne kontakt med våre rådgjevarar i Madsen og Brekke ved Brit Skjølingstad, tlf. 90 27 33 40 eller Siv T. Ringstrand, tlf. 906 01 721, for ein uforpliktande og fortruleg samtale. Spørsmål om stillinga kan også rettast til kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse, tlf. 41 24 25 71
Lietuviškai
English