Stilling:
Kommunalsjef utvikling og drift

Kunde:
Etne kommune

Arbeidsstad:
5590 Etne

Stillingstype:
Heiltid

Søknadsfrist:
26.11.2021

Bransje:
Kommune

Ref. nr.:
4445191494
 

Kort om kunden

Etne kommune ligg sør i Vestland fylke og grensar til kommunane Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda. Etne kommune har ca. 300 årsverk / 420 tilsette. Tenestemålet er nynorsk. Etne kommune har om lag 4 050 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Rundt halvparten av desse bur ved dei 2 tettstadane Etnesjøen og Skånevik.

Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, reiseliv, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvene på Vestlandet. Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange. Etnemarknaden, Skånevik Bluesfestival og Etne Cup er populære arrangement som samlar store folkemengder frå fjern og nær. Kjerneverdiane våre er: vær Trygg – Raus – Engasjert

For meir informasjon sjå www.etne.kommune.no

Etne kommune - MOT

Kontaktpersonar

Brit Skjølingstad

Brit Skjølingstad
Seniorrådgiver,
Madsen og Brekke
+47 902 73 340
bs@madsenbrekke.no
LinkedIn

Bjørn Tollefsen
Bjørn Tollefsen
Kommunedirektør Etne
+47 905 19 025
bjorn.tollefsen
@etne.kommune.no
Søk på stillinga

Vil du væra med å utvikla Etne kommune?

Kommunalsjef utvikling og drift

Me søkjer ein person som er god på å jobba tverrfagleg og til å sjå heilskap i kommunale og regionale tenester. Som kommunalsjef utvikling og drift vil du få ei innhaldsrik, interessant og spanande rolle og væra ein viktig del av kommunedirektøren si leiargruppe.

Strategisk og utviklingsorientert leiing vil væra viktige oppgåver, med mål om å skapa gode løysingar for innbyggjarane i kommunen, næringsliv og tilsette. Som kommunalsjef utvikling og drift er du opptatt av å setja service, kvalitet og omdømebygging i sentrum og har evne til å skapa gode relasjonar med folk omkring deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Jobba saman med kommunedirektøren og leiargruppa i overordna planlegging og strategi
  • Overordna økonomi- og budsjettansvar for sektoren
  • Samordning og koordinering av tenestene/oppgåvene som ligg til einingane drift/vedlikehald og utvikling
  • Ansvar for å styra prosjekt og investeringsportefølje
  • Ansvar for tilrettelegging og oppfølging av næringsliv og reiselivsnæringa
  • Overordna ansvar og tilråding i politiske saker, samt ansvar for sakshandsaming og iverksetjing av politiske vedtak
  • Særleg ansvar for oppfølging av einingsleiarane i sektoren, leggja til rette for og følgja opp fag- og kvalitetsutvikling
  • Ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til sektoren
  • Samarbeid med Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Det er ynskjeleg med relevant leiarerfaring
  • Det er viktig med god økonomiforståing og styringskontroll
  • God forståing for kommunal forvaltning og offentleg verksemd
  • God kjennskap og forståing for digitale løysingar og kontinuerlig forbetring
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Etne er nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
  • God relasjonskompetanse og gode kommunikasjonsevner
  • Arbeider strukturert og har evne å handtera fleire prosjekt samtidig
  • Evne til å tenkje heilskapleg og ha god gjennomføringsevne
  • God på samhandling og skapa tillit

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.

Me tilbyr

  • Ei sentral rolle for deg som vil bidra til å påverka og utvikla Etne kommune til en attraktiv stad å leve og busetja seg i
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med trygge, rause og engasjerte kolleger

Kontaktpersonar og søknadshandtering

  • I samsvar med offentleglova § 25 gjer me merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell handsaming. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
  • Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke ved Brit Skjølingstad, tlf. 90 27 33 40 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. Spørsmål om stillinga kan også rettast til kommunedirektør Bjørn Tollefsen, tlf. 905 19 025.